Han har vore ein brannslukkar ved fleire høve og han gjer ei dobbel-redning der, seier Dan Eggen i NRK-studio i pausen, om Boatengs akrobatikk. Situasjonen Eggen snakkar om skjedde med knappe ti minutt att til pause. Yevheniy Konoplyanka fekk stå heilt aleine på bakre stolpe, etter eit flott innlegg frå Andriy Yarmolenko.
Konoplyanka fekk avslutta, og ballen gjekk i kroppen på Jérôme Boateng, som var centimeter unna å sette ballen i eige mål.
Ein ryggande Boateng var på veg inn i nettet, men klarte på mirakuløst vis å få kasta ut foten og sparka vekk ballen som var på veg inn i målet.